torsdag 25. februar 2010

Anna Eleanor Roosevelt

"Ingen kan få deg til å føla deg mindreverdig utan ditt samtykke” er eit sitat av Eleanor Roosevelt. Ho vart født inn i overklassa 11. oktober i 1884 i New York. Faren hennar som ho såg veldig opp til, Elliot Roosevelt, var bror til Theodore Roosevelt som var president i perioden frå 1901-1909. Når Eleanor var berre åtte år gamal døyde mora Anna Hall Roosevelt av difteri, og omkring to år seinare mista ho også far sin som hadde slitt med alkoholisme i mange år. Ingen av foreldra hadde vore spesielt kjærlege, særleg ikkje den vakre mora som var misnøgd med Eleanors utsjånad. Eleanor og syskena vart frå nå oppdratt av bestemora.

Til tross for at ho var høg og slank var Eleanor som barn sky og usikker, og hadde eit dårleg sjølvbilete. Fram til ho vart 15 år hadde ho privatundervisning, men da beslutta familien å sende ho til ein privatskule utanfor London. Her sørgde rektoren for at Eleanor fekk sjølvtillit og ho lærde dessutan å prate flytande fransk. I 1902, 17 år gamal, var ho ferdig med desse studia og drog attende til USA kvar ho vart teke hand om av ein kvinneleg slektning; Sara Delano. Ho hadde ein kjekk son; Franklin D. Roosevelt som var Eleanors femmenning. Det utvikla seg eit forhold mellom dei, og allereie i 1905 vart det bryllaup. I dei neste tolv åra som fulgte fødte Eleanor parets seks barn.

I 1921 kom vendepunktet for familien då Franklin fekk diagnosen poliomyelitt og vart permanent lam frå livet og ned. Eleanor hadde heile tida vore aktiv med sosialt arbeid og demokratisk politikk, men det var nå ho for alvor trådde inn i den offentlege politikken. Ho jobba hardt for å pleie mannen sin tilbake til politisk aktivitet og etter få år fekk han att styrken og dei politiske ambisjonane sine. Eleanor var som ein rådgjevar for han, men i tillegg til å fungere som hans ”øyrer og bein” danna ho meir si eiga karriere. Ho kjempa for sakar som blant anna barnevern, like rettar og sosiale reformer.

I 1933 vart Eleanor såkalla ”first lady” is USA, og aldri før hadde ei presidentfrue hatt slik offentleg liv og karriere som ho. Ho var ei ny type presidentfrue som reiste rundt i landet uavhengig av ektemannen, besøkte gruve- og fabrikkarbeidarar, skreiv innlegg og ytra meiningane sine i avisene, besøkte utanlandske soldatar under verdskrigane, og talte til dei fattige. Hennar ideal var med å påverke ektemannens ”new deal-program” og moderne demokratisk liberalisme. Noko som derimot opptok Eleanor mykje meir enn ektemannen var rasistisk undertrykking. Ho støtta dei svartes kamp for fult statsborgarskap, og hovudsakleg på grunn av hennar innsats følte afroamerikanarane for fysste gong på lenge at staten brydde seg. Eleanor har skrevet fleire bøker, og i ein av tekstene skreiv ho at dei næraste venene hennar var nettopp svarte.

I ei periode før Franklin vart president budde Eleanor aleine på grunn av fleire år der ektemannen hadde vore utru med Eleanors vakre, blonde sekretær, Lucie Mercer gjennom fleire år. Likevel fløtte paret saman i det kvite hus. Dei var eit viktig par og fungerte utmerket som eit team. Då Franklin døde i 1945 fortsette Eleanor si politiske karriere fram til ho døyde i 1965. Frå 1947-51 var ho formann i FNs kommisjon for menneskerettar, og ho haldt fram med kampen for rasemessig likestilling, kvinners rettar og verdsfreden. Eleanor er rekna som ei av dei viktigaste kvinnene i amerikansk historie og mottok 48 æresprisar gjennom sitt liv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar