torsdag 25. februar 2010

Kvifor eg valte Eleanor Roosevelt?

Eg valte Eleanor Roosevelt fordi eg hadde bestemt meg for å ta for meg ei kvinne, pluss at eg såg at ho var ei av dei kvinnene som har betydd mest i amerikansk historie. Ho oppnådde svært mykje gjennom sitt liv:

© Ho kjempa for mange viktige sakar og var til stor hjelp gjennom raude kross under den fysste verdskrigen.

© Ho var den fysste amerikanske presidentfrua som hadde ei offentleg karriere, og i ettertid har meir eller mindre alle amerikanske ”first ladies” hatt det.

© Ho var som ein rådgjevar for ektemannen Franklin D. Roosevelt og var med å påverka politikken han førte som president. Saman forma dei ”new deal”-programmet som skulle hjelpe nettopp arbeiderkvinner, svarte, ungdom og bønder.

© Ho kjempa for dei svarte, noko som fekk dei til å føle at staten faktisk brydde seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar